Vil du vere med å bygge morgondagens fastlegetenester i Bjørnafjorden kommune?

Psykologspesialist/psykolog DPS poliklinikk psykisk helse, Grenland, Sykehuset Telemark HF
16 februari, 2024
Show all

Vil du vere med å bygge morgondagens fastlegetenester i Bjørnafjorden kommune?

Bjørnafjorden kommune skal ha ei av dei mest framtidsretta legetenestene i Noreg.

Vi skal gjere det samfunnet så langt ikkje har klart. Vi skal gje legane våre, anten dei er kommunalt tilsette eller næringsdrivande, føreseielege arbeidsdagar og gode arbeidsvilkår mellom anna med kortare listelengde for dei som ønskjer det.

Vi skal legge rette til fagleg utvikling på tvers av legekontora og vi skal vere gode på å gje legar under utdanning og nyutdanna leger ein god start på arbeidslivet.

Vi er i ein spennande prosess med å legge rette for ei berekraftig og framtidsretta fastlegeordning i Bjørnafjorden kommune. Helseministeren har to gonger vist interesse for vår «Bjørnafjorden modell».

Modellen består av samansette tiltak slik det skaper ein økonomisk føreseieleg kvardag og tryggleik samt betre balanse i disponering av arbeidstid og privat liv. Mellomanna er eit kommunalt basistilskot del av modellen. Dette tyder at summen av det statlege og det kommunale basistilskotet alltid vil vere 1000 kr per pasient. Sjå meir på heimesida vår: Bjørnafjordenmodellen – fint å vere fastlege – Bjørnafjorden kommune (bjornafjorden.kommune.no)

Vi har i dag 26 fastlegeheimlar fordelt på 6 legesenter/legekontor.

Ta kontroll over arbeidskvardagen din

Kommunen skal opprette eit nytt fastlegekontor for sjølvstendig næringsdrivande fastlegar.

Vi søkjer etter 4 fastlegar, spesialist eller ALIS, som ønskjer å ta kontroll over kvardagen sin. Du blir medeigar i kontoret og blir med på å bestemme korleis du og dine kollegaer vil ha det og korleis kontoret skal etablere og utvikle seg. Det vil bli moglegheiter for å knytte fleire legar til kontoret etterkvart.

Om stillingane: Som næringsdrivande fastlege i kommunen har du betre moglegheit til å utforme din praksis slik du ønskjer det.

· ALIS 625 pasientar tilknytt listene.

· Spesialist opptil 900 pasientar tilknytt listene

· Oppstart desember eller etter avtale.

· Delta i ca. 20-delt legevakt på Interkommunal legevakt, stasjon Moberg. Fastlønn på legevakt.

· Stor fleksibilitet, både i stillingsbrøk og lengd på listene

Vi tilbyr hele ALIS-løpet i kommunen. Om du er i spesialisering i allmennmedisin, får du ALIS-avtale som inkluderer:

· rettleiing og individuell utdanningsplan,

· dekking av kursutgifter og kommunal sjukeforsikring,

· inntil 10 dagar praksiskompensasjon ved eigen eller barn sin sjukdom (barn under 12 år).

Luranetunet bu- og behandlingssenter i Os er godkjend for institusjonsteneste, noko som gjer at du kan ta heile spesialiseringa i Bjørnafjorden kommune.

Om det nye kontoret:

· Splitter nytt kontor som er tilrettelagt for 4-6 fastlegar.

· Det er eksisterande lister på til saman om lag 2500 pasientar

· Det er 3 sekretærar som er godt kjent med pasientane som ønskjer å vere med på oppstarten av det nye kontoret

· Godt utstyrt laboratorium og undersøkingsrom med t.d. EKG, spirometri osv

Om Bjørnafjorden kommune:

15 min til Bergen sentrum og næraste flyplass (Flesland).

· God barnehagedekning

· Rikt kultur- og idrettsliv

· Nytt, flott kulturhus

· Svært godt og lett tilgjengeleg turterreng i området for den som er glad i friluftsliv

Kontakt

Vi er ut etter gode samtalar med interesserte spesialistar og ALIS-legar. Samtalane er fortrulege, uformelle og uforpliktande. Ring gjerne

– Einingsleiar Legeteneste Åshild Lussand Sønsteby

– Kommuneoverlege Hjørdis Barman eller Bjørn Petter Aasheim Johannessen

Comments are closed.