Vernepleiar med fagansvar
31 mars, 2020
Lege med spesialitet i fysikalskmedisin og rehabilitering
8 april, 2020
Show all

Sjukepleiarstillingar

Hyllestad kommune har ledig to stillingar som sjukepleiar i omsorgstenestene.  Stillingane vil vere fordelt både i heimetenestene og på institusjonen.    

Som sjukepleiar i Hyllestad kommune er du med å sikre at brukarane av omsorgstenestene får naudsynt pleie og omsorg, hjelp, støtte og tilsyn.

Arbeidsoppgåver

  • Utøve sjukepleie til brukarane
  • Ansvar for at brukarane får pleieplanar og at desse vert oppdatert og oppfulgt
  • Delta i legevaktsordning i samarbeid med legavakta i Førde
  • Delta i bakvaktsordning
  • Samarbeid med tilsynslege og legevakt, når ikkje avdelingssjukepleiar er til stades
  • På kveld, helg og natt – ta naudsynte avgjerder for at drifta kan gå til ansvarleg tenesteleiar er tilbake (t.d. vurdere behov og ev. innleige av vikar, kontakte teknisk vakt, yte naudsynt helsehjelp)
  • Medikamenthandtering
  • Ha kontakt med pårørande

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gjerne relevant erfaring
  • Gode norskkunnskapar
  • Førarkort for personbil
  • Du må kunne vise fram tilfredsstillande politi- og helseattest før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Ha evne til å strukturera og koordinera arbeid i ein hektisk kvardag
  • Medansvar for å fremje eit godt arbeidsmiljø
  • Har evne til å jobbe sjølvstendig og løysingsorientert
  • Bidra til å skape kontinuitet, kvalitet og stabilitet på arbeidsplassen

Vi tilbyr

  • Konkurransedyktig løn
  • Spennande arbeidsoppgåver
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Eit tverrfagleg arbeidsfellesskap med høg fagleg og etisk kompetanse
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Hjelp til å finne bustad

Velkomen som søkjar!

Send søknad

Kommentera

E-postadressen publiceras inte. Obligatoriska fält är märkta *