Notice: Use of undefined constant HTTP_USER_AGENT - assumed 'HTTP_USER_AGENT' in /var/www/wp-content/themes/betheme/header.php on line 1
Sjukepleiar/vernepleiar. 50% vikariat på natt i 1 år for Sandviken sykehus – http://legestillinger.com/

Sjukepleiar/vernepleiar. 50% vikariat på natt i 1 år for Sandviken sykehus

Sjukepleiar, 100 % fast stilling ved Valderøy omsorgsdistrikt, Giske omsorgssenter for GISKE KOMMUNE VIKARER PLEIE/OMSORG
27 september, 2019
Fastlegeheimel med 0-avtale og 20% fast stilling
27 september, 2019
Show all

Sjukepleiar/vernepleiar. 50% vikariat på natt i 1 år for Sandviken sykehus

Sandviken sykehus

Sandviksleitet 1
5036 BERGEN

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sjukepleiar/vernepleiar. 50% vikariat på natt i 1 år

Org. nr: 083974724 Stillingsident: 4135896041 Presentasjon av stillingen:

Psykiatrisk klinikk består av 3 avdelingar. Psykiatrisk akuttmottak (PAM), avdeling spesialisert psykosebehandling og avdeling for stemningslidingar. Seksjon tidleg psykose Sandviken (TPS) er ein av 7 seksjonar i avdeling spesialisert psykosebehandling og skal gje tilbod om utgreiing og start av behandling i døgnavdeling. Seksjon TPS starta 01.01.2012 og flytta inn i nytt bygg juni same år. TPS skal gje tilbod til unge menneske i alderen 15-30 år. TPS gjer tilbod til unge nysjuke med både rusproblem og dei utan. Desse to pasientgruppene er delt inn i to fysisk åtskilde område/grupper.

Det blir lagt vekt på psykoedukativt familiearbeid, samarbeid med andre instansar, fysisk aktivitet og å leggje til rette for forsking. TPS har 15 sengeplassar. Sjulepleiarar/vernepleiarar inngår i tverrfagleg team saman med psykiater, psykologspesialist/psykolog, sosionom, IPS spesialist og aktivitør. I tillegg er fysioterapeut tilknytta vår seksjon og bidrar til å leggje til rette for fysisk aktivitet.

Seksjon tidleg psykose Sandviken har ledig eit vikariat i 50% stilling på natt med moglegheit for forlenging. Pt arbeid kvar tredje helg.

Arbeidsoppgåver

  • Pasientoppfølging som inneber oppfølging av sjukepleiefaglege tiltak, og fokus på å skape gode relasjonar til pasientane.
  • Tverrfagleg teamarbeid.
  • Observere og dokumentere.
  • Kontakt med pårørande og familiearbeid.
  • Fagutvikling.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter sjukepleiarar/vernepleiarar som har interesse for og eventuelt erfaring med unge menneske med psykose/schizofreni og eventuelt rusmisbruk.
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar.
  • Det er ønskjeleg med kunnskap om EPJ/DIPS. Helsepersonell med pasientkontakt (inkludert dokumentasjonsplikt) må meistre norsk munnleg og skriftleg på nivå med krava til studiekompetanse (tilsvarande Bergenstesten).

Personlege eigenskapar

  • Du må vere pasientorientert og ha respekt for kvar enkelt pasient.
  • Du må vere ansvarsbevisst, sjølvstendig, løysingsorientert og målretta.
  • Vi ønskjer engasjerte og fleksible medarbeidarar med godt humør som kan bidra til eit godt arbeidsmiljø.
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø.
  • Samarbeidsvillig og serviceinnstilt overfor pasientar og kollegaer.
  • Lojal og tolmodig.

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Triveleg arbeidsmiljø.
  • Høgt fagleg nivå.

Kontaktinformasjon


Astrid Hovland, Ass.seksjonsleiar, 55958826
Kjersti Valestrand Bjørnstad, Seksjonsleiar, 55958612

Arbeidsstad


Sandviksleitet 1
5036 Bergen

Søk på stillinga:Klikk her

Nøkkelinformasjon:


Arbeidsgivar:Helse Bergen

Referansenr.:4135896041
Stillingsprosent: 50%
Startdato: 01.11.2019
Sluttdato: 31.10.2020
Søknadsfrist: 13.10.2019PAM

Stillingsnummer: 1209-2019-09-519 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

2019-09-26 15:21:01

[ninja_form id=1]

Kommentera

E-postadressen publiceras inte. Obligatoriska fält är märkta *