Sjukepleiar, 100 % fast stilling ved Valderøy omsorgsdistrikt, Giske omsorgssenter for GISKE KOMMUNE VIKARER PLEIE/OMSORG
GISKE KOMMUNE VIKARER PLEIE/OMSORG
Valderøya 6050 VALDERØY
Giske kommune har om lag 8400 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman med bruer og tunnelar, og det er fastlandsamband til Ålesund 13 km unna. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Dette gjer kommunen til ein attraktiv stad å bu og arbeide for unge og barnefamiliar.
Sjukepleiar, 100 % fast stilling ved Valderøy omsorgsdistrikt, Giske omsorgssenter
Org. nr: – Stillingsident: 4135212264 Presentasjon av stillingen: Det er ledig fast 100 % stilling som sjukepleiar ved Valderøy omsorgsdistrikt frå snarast.
Deler av stillinga vil inngå i vikarkorps ved Valderøy omsorgsdistrikt.
Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar 3. helg.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
Sjølvstendig ansvar for at fagleg arbeid og tiltak vert utført i samsvar med vedtekne mål og retningsliner.
Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar.
Bidra til eit godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.
Bidra til eit godt arbeidsmiljø, både kollegialt og fagleg.
Bidra til eit godt omdømme.
Kvalifikasjonar
Offentleg godkjenning som sjukepleiar.
God digital kompetanse.
Sertifikat for bil.
Framandspråklege søkjarar må beherske norsk godt, munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
Fleksibel, løysingsorientert og innovativ.
Gode samarbeidsevner.
Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig.
Vi tilbyr
Tverrfagleg samarbeid med fleire yrkesgrupper.
Spanande fagmiljø med mange ulike arbeidsoppgåver innanfor rehabilitering, kortidspasientar, palliative rom, rom for øyeblikkeleg hjelp (ØHD) og langtidspasientar.
Moderne lokaliteter og funksjonelt utstyr med fokus på velferdsteknologi (som kamera, sensorar) og forbedringsteam.
Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Kontaktinformasjon
Tone Marie Giskegjerde, einingsleiar, 41702313 Elin Karin Hopland, avdelingsleiar, (+47) 41702318