Overlege med spesialutdanning innan kardiologi og indremedisin for Helse Førde

Lege i spesialisering
14 november, 2019
Jobbmesse med AIR by Bolder AS 9.desember
28 november, 2019
Show all

Overlege med spesialutdanning innan kardiologi og indremedisin for Helse Førde

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Overlege med spesialutdanning innan kardiologi og indremedisin

Org. nr: – Stillingsident: 4160314116 Presentasjon av stillingen:

Nordfjord sjukehus er eitt av 3 sjukehus i Helse Førde.

Medisinsk seksjon ved Nordfjord sjukehus har 4 overlegestillingar og 6 LIS1 i normal drift. Medisinsk sengepost dekkjer medisinsk akuttfunksjon for pasientar i Nordfjord-regionen i samarbeid med dei andre sjukehusa.

Seksjonen har ein sengepost med 18 sengar, derav 3 overvakingssenger. Seksjonen driftar også dagbehandling for dialyse og fleire ulike poliklinikkar.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene er knytt til poliklinisk verksemd, sengepostarbeid og vaktarbeid innan kardiologi og generell indremedisin
  • Må vere rettleiar for legar i spesialisering
  • Det er høg kompetanse innan feltet både hos legar og sjukepleiarar
  • Avdelinga har 4 stillingar for overlege som dekkjer dei ulike arbeidsoppgåvene

Kvalifikasjonar

  • Må ha godkjent norsk autorisasjon som lege med spesialisering i kardiologi og indremedisin
  • Ha erfaring frå sengepost-, vakt- og poliklinisk arbeid
  • Det er ein fordel å ha kjennskap til IT-systema DIPS og MEONA og kardiologisk utstyr frå Philips

Personlege eigenskapar

  • Løysingsorientert
  • Vere lett å samarbeide med og trivast med tverrfagleg arbeid
  • Kunne kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Støttande, aktivt og trygt arbeidsmiljø
  • Høve til å drive utvikling av ”Pasientens helseteneste”
  • Nordfjordeid som ein god, familievennleg og kulturell plass med flott natur
  • Hjelp med å skaffe bustad,- oppgje i søknaden dersom det er ynskjeleg
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst og individuell avtale
  • Gode pensjonsordningar

Kontaktinformasjon

Hilde Manseth Bjørhovde, Seksjonsleiar, 578 64 153

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 10
6770 Nordfjordeid

Søk på stillinga:Klikk her

Kommentera

E-postadressen publiceras inte. Obligatoriska fält är märkta *