Ønsker du å bli vår fastlegevikar i 100% stilling?

Ønsker du å bli vår fastlege i 100 % stilling
19 oktober, 2020
Show all

Ønsker du å bli vår fastlegevikar i 100% stilling?

Beskrivelse
Ein av våre dyktige fastleger skal arbeide eitt år i spesialisthelsetenesta og vi har derfor behov for vikar for fastlege frå d.d.- 30.09.2021 med moglegheit for forlenging. Parallelt har vi, pga. lege som går av med pensjon, ledig 100 % fast heimel.Vinstra legekontor har sju fastlegeheimlar og LIS1 lege. Vi har interkommunal kommuneoverlegeordning med nabokommunar, i tillegg til eigen fast ansatt sjukeheimslege. Kontoret held til i nyoppussa og moderne lokal.
Kontoret har moderne utstyr og godt kvalifisert hjelpepersonell. System-X som journalsystem. Det er faste legemøter kvar veke og elles eit godt samarbeid med øvrige kommunale tenester.
Næraste sjukehus er Lillehammer, litt over ein times kjøring unna.

Avlønings-/organiseringsform kan diskuterast. Det kan vere aktuelt med såkalla nullavtale, evt 50 % privat heimel og 50 % fastløna stilling. Legen som går ut i permisjon har hatt eit listetak på 800 pasientar.

Det er pr. no tilplikta deltaking i legevaktordning med lokal legevakt for Nord-Fron og Sør-Fron kommunar på Vinstra på dagtid fram til kl. 23 for ca. 9000 innbyggjarar – ca. 3 vakter i månaden. På natt er det legevakt på Lillehammer for ca. 60 000 innbyggjarar – ca. 3 – 4 vakter i halvåret.

Vi kan tilby
– Fleksibel arbeidstidsordning og praksisorganisering med stor friheit for organisering av eigen praksis.
– Interessant arbeidsmiljø med stor grad av tverrfagleg samarbeid med ulike fagtenester i kommunen.
– Kommunalt driftsansvar for lokalane og hjelpepersonell.
– Kommunen gir støtte til kurs og vidareutdanning.
– Kommunen kan vere behjelpeleg med å skaffe bustad.

Kvalifikasjonar
– Norsk autorisasjon som lege og gjennomført LIS-1/turnusteneste.
– Gode samarbeidsevner.
– Interesse for allmennmedisin.
– Du beherskar norsk språk både munnleg og skriftleg.

Føresetnader / vilkår
– Arbeidstakarar i Nord-Fron kommune blir tilsett på dei vilkåra som til ein kvar tid framgår av gjeldande lover, reglement og Hovudtariffavtala.
– Det blir trekt 2% av brutto løn til pensjon

Søknad sendes
Gå inn på www.nord-fron.kommune.no for fullstendig utlysningstekst og elektronisk søknadsskjema. Alle søknader på ledige stillinger skal skje via vårt elektroniske rekrutteringssystem. Søknader skal ikke sendes som e-post.

Kontaktpersoner

Navn: Bente Merete Joten Skog
Tittel: Sektorsjef
Telefon: 477 51 541
E-post:Bente.Joten.Skog@nord-fron.kommune.no
Navn:
 Anders Brabrand
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 990 45 124
E-post:Anders.brabrand@nord-fron.kommune.no

Lämna ett svar

Din e-postadress kommer inte publiceras. Obligatoriska fält är märkta *