Ønsker du å bli vår fastlege i 100 % stilling

Diplomerad medicinsk fotterapeut
19 oktober, 2020
Ønsker du å bli vår fastlegevikar i 100% stilling?
19 oktober, 2020
Show all

Ønsker du å bli vår fastlege i 100 % stilling

BESKRIVELSE

Da ein av våre dyktige fastleger går av med pensjon har vi behov for å tilsette fastlege frå 01.03.2021.

Vinstra legekontor har sju fastlegeheimlar og LIS1 lege. Vi har interkommunal kommuneoverlegeordning med
nabokommunar, i tillegg til eigen fast ansatt sjukeheimslege. Kontoret held til i nyoppussa og moderne lokal.
Kontoret har moderne utstyr og godt kvalifisert hjelpepersonell. System-X som journalsystem. Det er faste legemøter
kvar veke og elles eit godt samarbeid med øvrige kommunale tenester.
Næraste sjukehus er Lillehammer, litt over ein times kjøring unna.

Avlønings-/organiseringsform kan diskuterast. Det kan for eksempel vere aktuelt med såkalla nullavtale, evt 50 % privat heimel og 50 % fastløna stilling eller anna ordning. Legen som slutter har hatt eit listetak på inntil 800 pasientar.
Avhengig av avløningsform kan ein del av stillinga kan bli tilplikta kommunale oppgåver.

Det er pr. no tilplikta deltaking i legevaktordning med lokal legevakt for Nord-Fron og Sør-Fron kommunar på Vinstra på
dagtid fram til kl. 23 for ca. 9000 innbyggjarar – ca. 3 vakter i månaden. På natt er det legevakt på Lillehammer for ca. 60
000 innbyggjarar – ca. 3 – 4 vakter i halvåret.

VI KAN TILBY

– Fleksibel arbeidstidsordning og praksisorganisering med stor friheit for organisering av eigen praksis.
– Interessant arbeidsmiljø med stor grad av tverrfagleg samarbeid med ulike fagtenester i kommunen.
– Kommunalt driftsansvar for lokalane og hjelpepersonell.
– Kommunen gir støtte til kurs og vidareutdanning.
– Kommunen kan vere behjelpeleg med å skaffe bustad.

KVALIFIKASJONAR

– Norsk autorisasjon som lege og gjennomført LIS-1/turnusteneste.
– Gode samarbeidsevner.
– Interesse for allmennmedisin.
– Du beherskar norsk språk både munnleg og skriftleg.

FØRESETNADER / VILKÅR

Lønn etter kvalifikasjoner, flyttegodtgjørelse og svært gode pensjonsordninger i KLP.

SØKNADEN SENDES

Registrer søknaden under knappen Søk på stilling.
Alle søknader på ledige stillingar skal skje via vårt elektroniske rekrutteringssystem. Søknader skal ikkje sendast som e-post.

Kopi av attestar og vitnemål blir etterspurt ved behov. Kopiane blir ikkje returnert.
Nord-Fron kommune praktiserer meiroffentlegheit, der namn, adresse, alder og stilling blir offentleggjort på søkarlista etter at søknadsfristen har gått ut. Ønskje om evt. konfidensiell behandling må grunngjevast særskilt. Viss unntak ikkje blir akseptert, vil søkar bli varsla og søknaden kan eventuelt trekkast.

Kontaktpersoner

Navn: Bente Merete Joten Skog
Tittel: Sektorsjef
Telefon: 477 51 541
E-post:Bente.Joten.Skog@nord-fron.kommune.no
Navn:
 Anders Brabrand
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 990 45 124
E-post:Anders.brabrand@nord-fron.kommune.no

Lämna ett svar

Din e-postadress kommer inte publiceras. Obligatoriska fält är märkta *