Lege i spesialisering i fordøyingssjukdommar – Medisinsk avdeling for Helse Bergen Hf Haukeland Universitetssjukehus

Sykepleier for Ellas Minne Bo- og Rehabiliteringssenter
15 maj, 2019
Sosialkonsulent/ oppfølgingsveileder – Team Familie – NAV for NAV Gamle Oslo
15 maj, 2019
Show all

Lege i spesialisering i fordøyingssjukdommar – Medisinsk avdeling for Helse Bergen Hf Haukeland Universitetssjukehus

Helse Bergen Hf Haukeland Universitetssjukehus

5021 BERGEN

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Lege i spesialisering i fordøyingssjukdommar – Medisinsk avdeling

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig stilling for lege i spesialisering, LIS 3, i fordøyingssjukdommar med tilsetjing september 2019.

Vi tilbyr spesialistutdanning som dekkjer heile utdanningsløpet. Tenesta inkludert eventuelt behov for sideutdanning vil gå føre seg ved Haukeland universitetssjukehus. Det vises for øvrig til utdanningsplan. Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.

Gastroseksjonen har 10 overlegar og 4 professorar i bistilling, samt 6 legar i spesialisering. Seksjonen diagnostiserer og behandler pasientar med ulike fordøyingssjukdommar. Seksjonen har ansvar for ein sengepost med 16 senger, endoskopi eining og poliklinikk i tillegg til spesialisert vaktteneste. Saman med Universitetet i Bergen har seksjonen ei omfattande forskingsverksemd. Arbeidsoppgåvene er varierte og inkluderer arbeid på sengepost med aktuelle problemstillinger, poliklinikk, endoskopiske prosedyrer og generell indremedisinsk forvakttjeneste.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i Gastroenterologisk seksjon sine ulike aktivitetar
  • Delta i medisinsk forvaktordning, som for tida er 11 – delt.
  • Delta i Medisinsk avdeling og Gastroenterologisk seksjon sin undervising.

Kvalifikasjonar

  • Stilling krev norsk autorisasjon som lege og godkjend teneste som etter gjeldande regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS 2/3-stilling i fordøyingssjukdommar.
  • Ved rangering blir det lagt vekt på opparbeida kompetanse og referansar/ personlege eigenskapaer.
  • Vedkommande som får tilbod om tilsetjing må leggje fram godkjend politiattest (vandel) jf. Lov om helsepersonell § 20a.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium

Personlege Eigenskapar

  • Vi søkjer etter lege med interesse for indremedisin og fordøyingssjukdomar.
  • Bør ha stor arbeidskapasitet og gode evner til å arbeide med pasientar.
  • Vedkomande bør vere godt motivert, fleksibel og ha gode samarbeidsevne og beherske norsk språk godt muntleg og skriftleg.

Språk

  • Norsk

Vi tilbyr

  • Stimulerande og aktivt arbeidsmiljø i ei avdeling med høg fagkompetanse og sterkt fokus på praktisk og teoretisk opplæring, undervising og forsking
  • Lønn og pensjonsforhold etter gjeldande avtaler

Kontaktinformasjon


Trond Engjom, Seksjonsoverlege Gastroenterologisk seksjon, trond.engjom@helse-bergen.no

Arbeidsstad


Bergen

Nøkkelinformasjon:


Annonsør:Helse Bergen

Ref. nr.:4082859173
Stillingsbrøk: 100%
Fast heltid
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 01.06.2019

https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4082859173&company_id=530150302&culture_id=NN-NO

For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]PAM

Stillingsnummer: 1209-2019-05-341 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

2019-05-15 11:57:00

Kommentera

E-postadressen publiceras inte. Obligatoriska fält är märkta *