Det er ledig 100% fast stilling i offentleg legearbeid. Arbeidsoppgåvene vil vere fordelt mellom kommuneoverlege- og sjukeheimslegefunksjon, om lag 50/50.
Kombinasjon kommuneoverlege/fastlege kan også vere aktuelt, dersom dette er ønskeleg.
Legevaktsarbeid vil vere mogleg.
Arbeidsstad er ved Herøy helse- og omsorgssenter der administrasjon for helse- og omsorgssektoren er lokalisert saman med helsestasjon, Herøy legesenter og eit av omsorgssentra i kommunen.
Herøy kommune har to legesenter, eit på Eggesbønes og eit i Myrvåg. Du vil vere ein del av det faglege og kollegiale miljøet knytt til legetenesta i kommunen. Vi vil legge til rette for at du kan delta i nettverk for sjukeheims- og kommuneoverlegar.
Arbeidsoppgåver
Kommuneoverlege:
- Ivareta oppgåver innan miljøretta helsevern, smittevern, helseberedskap og tvungent psykisk helsevern
- Medisinskfagleg kvalitets- og utviklingsarbeid i helse og omsorgstenesta, inkludert samarbeid med nærliggande kommunar og helseføretak
- Medisinskfagleg rådgjeving internt i kommunen
- Delta i folkehelse- og planarbeidet i kommunen
- Andre oppgåver som ligg til kommuneoverlegefunksjonen
Sjukeheimslege ved omsorgssenteret på Eggesbønes
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Administrasjonsspråket er nynorsk
- Spesialitet i samfunnsmedisin er ein fordel. Vi vil legge til rette for at søkarar som ikkje har spesialiteten kan fullføre slik spesialisering
Det må leggast fram godkjend politiattest.
Personlege eigenskapar
- Interesse og engasjement for samfunnsmedisin og sjukeheimsmedisin
- Evne til å tenke heilskapleg, førebyggande og tverrfagleg
- Gode evner til samarbeid og kommunikasjon
- Fleksibel og oppteken av endrings- og utviklingsarbeid
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde.
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju. Tilsetting etter gjeldande reglement, lov- og avtaleverk. Søkjarliste kan bli offentleggjort.
Vi tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- Løn etter avtale