Fastlegeheimel med 0-avtale og 20% fast stilling

Sjukepleiar/vernepleiar. 50% vikariat på natt i 1 år for Sandviken sykehus
27 september, 2019
Sykepleier for Sykehuset Levanger
27 september, 2019
Show all

Fastlegeheimel med 0-avtale og 20% fast stilling

Beskrivelse

Ved legekontoret på Gol er det ledig fastlegeheimel med 0-avtale og 20% fast stilling i offentleg legearbeid frå 01.01.2020.

Kommunen eig og driftar kontoret, som i dag har 6 legar, turnuslege, og 5 erfarne medarbeidarar. Per d.d. er det ca. 3.300 innbyggjarar på fastlegelister. I tillegg utgjer nødvendig legehjelp til Gols mange besøkande ein betydeleg del av arbeidet.

Ynskjer du eit spennande og variert legeliv med arbeidsoppgåver som inkluderer det meste, og med gode samarbeidspartnerar, er dette arbeidsstaden for deg.
Kontoret er velutstyrt, med blant anna skadestue og mykje moderne utstyr, blant anna digitalt røntgenustyr og ultralyd.

Det er for tida legevaktsamarbeid med Hemsedal kommune, 7-delt kvelds-/ helgevakt.
Det er interkommunalt samarbeid om nattlegevakt for heile Hallingdal i nabokommunen Ål, med ca. 20-delt nattvakt.

På vanleg måte er fastlegane på Gol tilplikta 20% offentleg legearbeid. Fordeling av dei ulike oppgåvene skjer i samarbeid mellom legane og kommunen. Den utlyste stillinga på 20% er for tida knytt opp til funksjon som sjukeheimslege.

Heimelen har eit listetak på 720 pasientar som tilsvarar 4 dagar kurativt arbeid

Arbeidsoppgåver:

* 4 dagar kurativt arbeid ut frå eiga liste, med avlønning frå eigenandelar og refusjon frå Helfo
* 1 dag som sjukeheimslege
* Full deltaking i legevaktarbeidet

Kvalifikasjonar:

* Lege med norsk autorisasjon
* Spesialist i allmennmedisin eller under utdanning som spesialist i allmennmedisin
* Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
* Førarkort for bil

Vi søkjer (personlege eigenskaper):

* Du er fagleg dyktig med evne til å ta sjølvstendig ansvar
* Du har interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid
* Du er personleg egna som fastlege og kollega
* Du har gode kommunikasjonsevner med pasientar og pårørande
* Du har gode samarbeidsevner med kollegaer

Andre krav:

* Søkar må slutte seg til interne krav på lik linje med dei andre legane
* Full deltaking i legevaktarbeidet

Vi tilbyr:

* Disponering av legekontor og tilgang til medarbeidarar og utstyr ved kommunelegekontoret. Forbuksmateriell og medisinar må refunderast til kommunen.
* Fast lønn i 20% stilling
* Eit hyggelig arbeidsmiljø med godt kollegialt samarbeid

Gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggjast fram før tiltreding i stillinga

 

Anna:

Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.

Det er viktig at du fyller ut alle punkt under skule og utdanning. Det blir produsert ein CV på grunnlag av dei data du legg inn.
Du får berekna ansiennitet for all offentleg teneste, samt relevant privat teneste. Dersom du har vore heime med barn eller hatt anna omsorgsarbeid må du fylle det inn som arbeidserfaring. Du kan få berekna inntil 3 år med ansiennitet for omsorgsarbeid.

I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette, men det skal gode grunnar til for at dette skal bli teke til følgje. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Send søknad:

Gol kommune nytter elektronisk søknad, søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert. Ved spørsmål knytt til registrering av elektronisk søknad, kontakt Trine Eidsgaard via Tenestetorget 32029000.

Er du ny som søkjar til stilling i Gol kommune vel du ”Registrere søker” for å opprette brukarnamn og passord. Søkjarar som er, eller har vore tilsett i Gol kommune, har allereie eit brukarnamn. Dette er som regel namnet ditt, skrive med store bokstavar. For å generere passord må du følgje instruksane du får når du trykker på ”Glemt brukarnamn/passord”, som du finn på nettsida der du søkjer stilling. Du vil då få instruksar på din e-post i Gol kommune eller den e-posten du har oppgitt til Gol kommune.

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

 

Kontakter

  • Navn Ingebjørg By Teigen
  • Tittel Avdelingsleiar
  • Mobil 91348300
  • Arbeid 32029118

Kommentera

E-postadressen publiceras inte. Obligatoriska fält är märkta *